ssgsdg

Gjevt frå Hafrsfjord

Historia seier at Harald Hårfagre stansa i den lune hamna på Haga. Ved den naturlege vasskjelda der gjorde han seg klar for slaget ved Hafrsfjord som førte til Noregs samling i 872. På Haga gard har det vore lange tradisjonar for mjølkekyr, men no er det kjøtproduksjon av den skotske storferasen Aberdeen Angus under merkelappen "Hangus" som råder. Det milde klimaet gjev gode veksttilhøve for godt grønt gras i bakkane ned mot Hafrsfjord og ammekyrne beitar her med kalvane store deler av året.

Vår filosofi er at dyra skal ha det godt i naturlege omgjevnader. Me trur på eit reint landbruk og gjev dyra utelukkande gras. Omgang med folk skaper harmoniske dyr som gjev ekstra godt kjøt av høgaste klasse.

HANGUS - Gjevt frå Hafrsfjord.